www.naturfakta.com

Hovedsiden

Systematikk fra topp

Pattedyr
Fugler
Krypdyr
Amfibier
Strålefinnede fisker
Bruskfisker
Insekter
Edderkoppdyr
Bløtdyr
Svamper
Polyppdyr
Ribbemaneter
Leddyr
Virveldyr

Systematikk
Truede virveldyr i Norge
Dyrelyder
Dyrenes syn
Latinske navn
Referanser
Søk:

Eksterne linker:

Din startside
Kjærleik.no
Wikipedia

Ord. Partåede klovdyr --> Fam. Hjortedyr --> Slekt Cervus -->

Hjort

Cervus elaphus

Lengde: 165-250 cm
Hale: 12-15 cm
Akslehøgd: 105-150 cm
Vekt: Hann: 100-250 (350) kg
Hunn: omlag ¾ av hannens vekt
Føde: Gras, urter, lauv
Drektigheit: 225-270 døgn
Kull: 1 (2) kalv(er)
Maks. levetid: 18 år

Hannen, som kallast kronhjort, har eit kraftig gevir. Hoa er gevirlaus og kallast kolle eller hind. Nest etter elgen er dette den største europeiske hjortearten.

Den har raudbrun overside med mørkeraud ryggstripe, mørkegrå under. Som liten kalv er den gulaktig med små, kvite flekkar. Geviret er oppadståande med 6-7 (sjeldan fleire) spissar på kvar stang. Dei øvste tre spissane utgjer ei krone i toppen.

Størrelsen varierer sterkt; lengde 165-250 cm, vekt 100-270 kg. Brunsttida er i fyrste halvdel av oktober, kalvinga i mail eller i byrjinga av juni. Når kalven er 7 månadar, får den sitt fyrste gevir (berre dersom det er ein hann); når dyret er 2 år, får geviret sine fyrste spissar. Gevira fellest i februar-mars og er fullt utvakse igjen på 3 månadar.

Den er utbreidt i Europa, Nord-Afrika og i Asia frå Vesleasia til Tibet, og det er mange underartar. I Sverige finnes hjort i Skåne, og i Danmark på Jylland. I Noreg finnes den hovudsakleg frå Stavanger til Nordland. I dei siste åra har den og spreidt seh til Sør- og Aust-landet.

Hjorten foretrekker skog og skogkantar, men kan og forekomme i meir opne områder. Ein stor del av bestanden kan om vintaren trekke frå indre strauk mot lune skogdistrikter nærmare sjøen. Om hausten og vintaren søkjer den ofte til åkrar, og om vintaren lever den av halvvissent gras, lyng og lav, og av kvist og bark av lauvtre. I harde vintrar øydelegg den mange unge bartrær

Hjortejakt er i Noreg tilatt i tida 10.september-14.november. Jakta varierer i lengd frå distrikt til distrikt. Kvart år fellast omlag 16.000 av omlag 27.000 tillatt felte.



Om Naturfakta.com | Kontakt nettsideansvarlig | Et ord om kildebruk