www.naturfakta.com | ||
|
Hovedsiden
Systematikk fra topp Pattedyr Fugler Krypdyr Amfibier Strålefinnede fisker Bruskfisker Insekter Edderkoppdyr Bløtdyr Svamper Polyppdyr Ribbemaneter Leddyr Virveldyr Systematikk Truede virveldyr i Norge Dyrelyder Dyrenes syn Latinske navn Referanser Søk: Eksterne linker:Din startsideKjærleik.no Wikipedia |
Ord. Rovdyr --> Fam. Katter --> Slekt Småkatter -->
PantergaupeFelis pardina
Kroppslengd: 80-110 cm
Halelengd: 12-13 cm Vekt: 12-25 kg Drektig: 65-75 døgn Kull: 1-4, oftast 2 Pantergaupe er ein katteart i slekta Felis, der bl.a. vår ville gaupe høyrer til. Men pantergaupa er mindre og meir flekka. Utsjånad: 80-110 cm lang + 12-13 cm lang hale. Veg 12-25 kg. Pelsen er brungul, tett i tett med svarte flekkar. Halen er kort (12-13 cm), kinnskjegget er tydeleg og øyrene har lange hårduskar. Hoa er mindre enn hannen og veg sjeldan meir enn 14 kg. Dei unge pantergaupene har og flekkmønster, men kinnskjegget er mindre tett og øyreduskane små. Utbreiing: Pantergaupa finnes spreidt rundt i Spania, Hellas og i Jugoslavia. Biotop: Ein finn ho i småskogområder, opne pinjeskogar og i tillegg likar dei seg i korkeikskog. Vaner: Pantergaupa snik seg inn på byttet eller sit på lut med kroppen rett som eit lys. Den brukar ei lita grasslette eller åpent terreng i nærleiken av kaninholer. Godt kamuflert mot ein mørk bakgrunn av kratt sit det flekka dyret urørleg og snur berre av og til på hovudet. Så snart den oppdagar ein kanin, dukker den ned og åler seg raskt fram mot byttet, trykka ned mot bakken. Når den er komen på ein avstand av omlag 4 meter, spring den lynraskt på byttet, som sjeldan kjem seg unna. Gaupa drep byttet med tennene, klørne vert brukte til å halde byttet fast. Eit kraftig bitt i nakken tek livet av dei fleste små byttedyra. Av og til tek pantergaupa ein av dei mange hundre hjorte- og dådyrkalvane som vert fødde. Pantergaupa lever berre av dyr som dei fangar sjølv. Dei har som vane att dei sleper byttet med seg etter å ha drepe det. Dei et aldri byttet på fangestaden. Det er observert at ei gaupe bar ein kanin nesten 1 km og ei anna gong ein unghjort 140 m. Mat: Føretrekk harer, men kan og ta hjort- og dådyrkalvar. Ho et berre visse delar av byttedyra, resten vert greve ned og dekka med sand, blad og planter. Forplanting: Mesteparten av året lever hoa og hannen åleine, men i paringstida lever dei i saman. Ei djup mjauing fortel av ei pantergaupe vil ha seg ein make. Hoa lokkast inn i hannen sitt område av duftande grensemerker. Ho vert der ei stund, men vender att til henna revir og gjøm seg bort. 2 månadar seinare føder ho i eit leie i eit kratt, eller i ein hol trestamme, i ei grevlinghola eller kanskje i eit storke- eller rovfuglreir. Kullet er på 1-4 ungar, men oftast 2. Dei er blinde og hjelpelause. Dei utviklar seg seint i starten. Etter 9-10 døgn opnar dei augo. Når dei er 2 månadar forlet dei hiet, berre for ei kort stund. Når dei er 3 månadar følgjer dei mora på jakt. Heile det fyrste året er ungane i saman med mora. Neste paringstid flyttar ungane ut. Pantergaupa reknast som ein trua art. Det finnes omlag 1000 pantergauper i Spania, samt 50 i Portugal. Det hender ein del ulovleg jakt, og mange dyr vert drepne i trafikken og leveområder vert øydelagde. Om Naturfakta.com | Kontakt nettsideansvarlig | Et ord om kildebruk |
Andefugler
Biller Børstehaler Døgnfluer Edderkopper Elefantdyr, snabeldyr Gjeddefisker Gnagere Haleamfibier Haleløse amfibier Hvaler Insektetere Kasuarer Kivier Kloakkdyr Krokodiller Laksefisker Nanduer Partåede klovdyr Rovdyr Seilere Sildefisker Skilpadder Skjellkrypdyr Spurvefugler Tifotkreps Tinamuer Torskefisker Tovinger Upartåede hovdyr Årevinger Afrikansk elefant Baktriakamel Bever Bjørn Brunrotte Delfin Dhol Elg Emu Flodhest Flodsvin Gaupe Geithams Gepard Gransnutebille Hjort Honningbie Hund Husflue, stueflue, husfluge Husmus Hvithai Indianeshorn Indisk elefant Jaguar Javaneshorn Komodovaran Kongekrabbe, kamtsjatkakrabbe Korsedderkopp Langhalechinchilla Lemen Leopard Løve Nebbdyr Okapi Pantergaupe Prærieulv, coyote Rev Rådyr Rød panda Sjiraff Snøleopard Spissneshorn Spissnutefrosk Stokkand Struts Stumpneshorn Stær Sumatraneshorn Svartrotte Tamkatt, huskatt Tamt marsvin Taskekrabbe Tiger Torsk Treleopard Ulv Vanlig frosk |