www.naturfakta.com

Hovedsiden

Systematikk fra topp

Pattedyr
Fugler
Krypdyr
Amfibier
Strålefinnede fisker
Bruskfisker
Insekter
Edderkoppdyr
Bløtdyr
Svamper
Polyppdyr
Ribbemaneter
Leddyr
Virveldyr

Systematikk
Truede virveldyr i Norge
Dyrelyder
Dyrenes syn
Latinske navn
Referanser
Søk:

Eksterne linker:

Din startside
Kjærleik.no
Wikipedia

Ord. Rovdyr --> Fam. Katter --> Slekt Panthera -->

Jaguar

Panthera onca

Lengde: 160-275 cm
Halelengde: 45-80 cm
Akselhøgde: ca. 70 cm
Vekt: 35-165 kg
Drektigheit: 93-110 dagar
Kull: 1-4, oftast 2 ungar
Lengde ved fødsel: 700-900 g
Vekt ved fødsel: 700-900 g
Høgaste alder: I det fri ca 15 år,
i zoologisk hage inntil 22 år.

Utbreiing
Jaguar er den einaste "amerikanaren" blant dei store kattedyrartane. Utbreiinga hans strekkjer seg frå Mexico i nord til Paraguay i sør. I dette området lever han hovudsakleg i dei vide, urørde skogane og dei buskrike gras-slettene som ligg lågare enn 1000 m.o.h.

Utsjånad
Ved fyrste blikk skil ein jaguar seg knapt frå ein leopard, og blir ofte forveksla med han. Men den som ser godt etter, vil ikkje ha problem med å halde dei to katteartane frå kvarandre: Ein jaguar er nemleg tydeleg kraftigare og meir undersetsig bygd enn ein leopard. Dessutan har han ein kortare hale og kortare bein. Han har óg eit anna mønster i pelsen: Det viktigaste kjenneteiknet er dei store sirkelflekkane på ryggen. Inni i rundingane er det ofte nokre prikkar.

Paring
Jaguarane lev heilt åleine, men frå tid til anna søkjer hannar og hoer saman for å avle ungar. Etter å ha vore drektig i 93 - 110 dagar, set Jaguarmora som ftadt tvillingar til verda i den tette skogen. Dei dreg frå mora etter 3 år.

Føde
Ein jaguar held seg helst i nærleiken av elvar, sjøar og sumpar, for her lever det særleg mange byttedyr. Han hagar gjerne mellomstore pattedyr, som tapirar, navlesvin og spydhjortar. Men fordi ein ikkje så ofte støyter på dei, må han nøye seg med mindre byttedyr. Til desse høyrer fyrst og fremst pakar, flodsvin og andre store gnagarar, maurslukarar, beltedyr, leguanar (store firfisler) og fuglar. Jaguar er ein dyktig symjar; ofte jaktar han med hell i urskogselvane på kaimaner (krokodiller) og elveskilpadder, ja, til og med fisk. Dessutan er han ein god klatrar som og klarer å ta snohalebjørnar, dovendyr og brølaper oppe i trea. Jaguaren går berre på jakt i skumringa og om dagen.


Her er underartane:

NamnLatinsk namnUtdøydd
Amazonas-jaguarPanthera onca onca
Parana-jaguarPanthera onca palustris
Peru-jaguarPanthera onca palustris
Panama-jaguarPanthera onca centralis
Yukatan-jaguarPanthera oncagoldmani
Vestmexikansk jaguarPanthera onca hernandesi
Austmexikansk jaguarPanthera onca veracrucensis
Arizona-jaguarPanthera onca arizonensis1949

U.art amazonas-jaguar, Panthera onca onca
U.art parana-jaguar, Panthera onca palustris
U.art peru-jaguar, Panthera onca palustris
U.art panama-jaguar, Panthera onca centralis
U.art yukatan-jaguar, Panthera oncagoldmani
U.art vestmexikansk jaguar, Panthera onca hernandesi
U.art austmexikansk jaguar, Panthera onca veracrucensis
U.art arizona-jaguar, Panthera onca arizonensis


Om Naturfakta.com | Kontakt nettsideansvarlig | Et ord om kildebruk