www.naturfakta.com

Hovedsiden

Systematikk fra topp

Pattedyr
Fugler
Krypdyr
Amfibier
Strålefinnede fisker
Bruskfisker
Insekter
Edderkoppdyr
Bløtdyr
Svamper
Polyppdyr
Ribbemaneter
Leddyr
Virveldyr

Systematikk
Truede virveldyr i Norge
Dyrelyder
Dyrenes syn
Latinske navn
Referanser
Søk:

Eksterne linker:

Din startside
Kjærleik.no
Wikipedia

Ord. Kloakkdyr --> Fam. Nebbdyr --> Slekt Ornithorhynchus -->

Nebbdyr

Ornithorhynchus anatinus

Kroppslengd: 30-45 cm
Halelengd: 10-15 cm
Vekt: 0,5-2 kg
Drektig: Omlag 14 døgn
Ruging: Omlag 10 døgn
Kull: 1-3 egg

Nebbdyret høyrer til i ordenen kloakkdyr som har det spesielle kjenneteiknet at dei får egg. Trass i det er dei pattedyr. Dei er pattedyr fordi mora lagar mjølk i nokre kjertlar og dei har pels.

Utsjånad: 30-45 cm lang kropp + 10-15 cm lang hale. Pelsen er mørk på ryggen men på buken er den perlekvit eller gulaktig. Pelsen er jevn og tett med grove dekkhår og fine ullhår. Halen er flat, nesten som ein beverhale. Dei korte, kraftige føtene har symjehud som på frambeina når utafor klørne. Dersom nebbdyret går opp frå vatnet, brettast symjehuden innunder sålen så klørne vert fri til f.eks. graving. Snuten er breid og flat som eit andenebb og vert ofte kalla nebb. Øyrene er ikkje utapå. Augo og øyreopning dekkast under dykking. Hannane har på kvart bakbein ein spore som står i forbindelse med ein giftkjertel. Hoane har denne når dei er små, men misser den når dei vert eldre. Ungane er blinde og nakne ved fødinga. Under klekkinga er ein nebbdyrunge 2,5 cm lang, etter 4 månadar er den omlag 33 cm og går snart frå hiet.

Utbreiing: Nebbdyret finnes berre i austdelen av Australia.

Biotop: Nebbdyret ser ut til å vere for det meste vassdyr. Men for det meste av tida er den på land i ei underjordisk hole. Vanlegvis går berre nebbdyret frå hola i skumringa og ved daggry.

Vaner: Nebbdyret bur i ei hole. Nebbdyret dykker med jevne mellomrom og ror framover ved hjelå av forbeina, halen og bakbeina fungerer som styrereiskap. Når det dykker er det som regel ei stund under vatn og det kan kan halde seg under vatnet i opptil 5 min. Etter kvar dykking symjer det opp til overflata då både nebb, isse og rygg er synlege. Nebbdyret finn byttedyr ved hjelp av det voldsomt følsomme nebbet. Nebbdyret samlar byttet i kinnposar og et det fyrst når det kjem opp til overflata for å puste. Kan verte 10 år gamle i fangenskap.

Mat: Nebbdyret lever av krepsdyr, larvar av vassinsekter, blautdyr, amfibier og småfisk. Det finn byttet ved hjelp av det voldsomt følsomme nebbet. Det samlar maten i kinnposar når det dykker og et det fyrst når det kjem opp.

Forplanting: Ei nebbdyrhole er som regel bebudd av eit par. Hannen og hoa held til her eit år frå byrjinga av paringstida. Paringa skjer i Nord-Australia i juli-august og i sørlege strauk i starten på oktober. Sjølve paringa hender i vatnet. Paret symjer rundt i sirklar medan hannen utfører eit forspel som består i at han bit seg fast i hodyrets hale med nebbet. Når hoa er drektig, forlet ho hola og grev seg ei eiga hole med ein 6-18 m lang inngangstunnel. Ho bygg ei sperring av hardt pressa jord i gangen som ho må rive og bygge for kvar gong ho går ut og inn. Omlag 14 døgn etter paringa legg hoa 1-3 egg i eit reir av lauv. Egga er kvitaktige og har mjukt skal. Dei vert ruga av hoa i omkring 10 døgn. Dei kjem til verda nakne og blinde. Den fyrste tida lever dei av morsmjølk. Nebbdyret har ikkje spenar. Ungane sug mjølka frå nokre hårtustar på buken. Etter 4 månadar forlet ungen hola saman med mora. Dei går to ut på vatnet, der dei finn mat. Nebbdyr vert kjønnsmodne når dei er omlag 2,5 år gamle.

Vart oppdaga av Europearar i 1798. Pytonslangane er dei største fiendane, men dei er alikevel ikkje så farlege. Kaninane er konkurrentar om områda.



Om Naturfakta.com | Kontakt nettsideansvarlig | Et ord om kildebruk