www.naturfakta.com

Hovedsiden

Systematikk fra topp

Pattedyr
Fugler
Krypdyr
Amfibier
Strålefinnede fisker
Bruskfisker
Insekter
Edderkoppdyr
Bløtdyr
Svamper
Polyppdyr
Ribbemaneter
Leddyr
Virveldyr

Systematikk
Truede virveldyr i Norge
Dyrelyder
Dyrenes syn
Latinske navn
Referanser
Søk:

Eksterne linker:

Din startside
Kjærleik.no
Wikipedia

Ord. Biller --> Fam. Snutebiller --> Slekt Hylobius -->

Gransnutebille

Hylobius abietis

Gransnutebille er eit insekt i Snutebillefamilien. Ein annan art i same slekt er liten gransnutebille (Hylobius pinastri).

Utsjånad: 7-13 mm lang, dei som lever på furu vert større enn dei på gran. Har gule flekkar rundt på den svarte kroppen.

Utbreiing: Gransnutebilla er utbreitt i det tempererte beltet i Europa og Asia. Finnes i Noreg stort sett over heile landet. Har og kome til Dei britiske øyane.

Biotop: Ein kan finne billa i granskog, furuskog og nokre gonger og i lauvskog. Dei som ein finn i furuskog er størst.

Vaner: Gransnutebilla et den friske ytre veden på trea og etterlet seg traktforma sår. Larvane et den fyrste tida av det ytterste barklaget, eller trengjer seg lenger ned til djupare, sevjerike lag. Dei etterlet seg langsgåande furer i barken når dei et. Han forpuppar seg mellom barken og veden eller i sjølve veden. Utviklingstida bestemmast av temperaturen. Under gode forhold kan den vaksne billa kome fram same året. Men oftast må larven overvintre og billa kjem ikkje fram før den komande sommaren. Dei held seg i skogen etter at dei har kome fram frå puppa under barken. Dei overvintrer i mose, strø og gamle stubber. Billene kan leve i fleire år.

Mat: Både den vaksne gransnutebilla og larven et frisk bark hjå bartre og er eit stort skadedyr.

Forplanting: Den vaksne hoa gneg fyrst ut ein liten forsenking i barken, og legg eitt eller nokre få egg i denne. I løpet av sommaren (mai-aug) kan ei ho leggje omlag 80 til 150 egg. Larvane klekkast etter 15-20 dagar.

Den vaksne gransnutebilla reknast som eit av dei verste skadedyra i barskogen, og då særleg i granskog. Gnaginga deira om sommaren skadar unge tre, og visst det er mange biller vert og heilt unge tre skada. Plantene vert svekka, får tørkeskadar, og vil ofte dø.



Om Naturfakta.com | Kontakt nettsideansvarlig | Et ord om kildebruk