www.naturfakta.com

Hovudsida
Frøplanter
Karsporeplanter
Moser

Tre
Biotopar
Fylkesblomar
Planten
Systematikk
Ordforklaring
Latinske namn
Referanser
Søk:

Eksterne linker:

Din startside
Kjærleik.no
Wikipedia

Fam. Lyngfamilien --> Slekt Skogbær -->

Blåbær

Vaccinium myrtillus

Dvergbusk/lyng. Blomane som ein oftast ikkje tenkjer på kjem i mai-juni og er grøn-raude. Dei sit enkeltvis i bladhjørnene. Dei er hengande med ein urneliknande, svakt raud eler grønkvit, samblada krone. Begeret danar ein liten krage. Kronen er nesten heilt lukka, og pollenbærarane når ikkje ut av opningen. Griffelen stikker ut. Etter bløminga dett krona av. Blada vert fellt om hausten som på lauvtre. Dei sit spreidt langs stengelen. Dei er eggrunde, litt spisse og har fine sagtenner i kanten. Blada er mjuke, tynne og lyseraude. Stengelen er opprett og sterkt greina. Greinene er kanta og utstyrt med smale lister. Stengelen er grøn. Frukten er eit svart bær med eit vokbelegg som gjer det blått.

Etymologi: Vaccinium var eit gammalt romersk namn på blåbær. Myrtillus tyder nok liten myrt.

Veksestad: Blåbær veks i skog og fjell og er veldig vanleg.

Utbreiing: Heile landet.

Bruk: Ute i naturen er blåbær viktig mat for fuglar. Rev og bjørn likar og godt blåbær. For mennesker er blåbær nyttig. Suppe, saft, syltetøy og vinlaging kan lagast av blåbær. Bæra har mykje sukker og aroma-stoff, men lite C-vitamin. Bæra har vore brukt i folkemedisinen. Tørka blåbær har vore brukt til mageregulerande middel. Bæra kan brukast til farging. Dei gjev ull ein varig, fiolett farge.



Om Naturfakta.com | Kontakt nettsideansvarlig | Et ord om kildebruk