www.naturfakta.com

Hovudsida
Frøplanter
Karsporeplanter
Moser

Tre
Biotopar
Fylkesblomar
Planten
Systematikk
Ordforklaring
Latinske namn
Referanser
Søk:

Eksterne linker:

Din startside
Kjærleik.no
Wikipedia

Fam. Leppeblomfamilien --> Slekt Jonsokkoll -->

Jonsokkoll

Ajuga pyramidalis

Andre norsk namn: gjetargut, setertull, prestar, soldat, tussar, blåmann, sukkertopp

10-15 cm høg fleirårig urt. Heile planten er håra. Har kortstilka rosettblad som er omvendt eggforma og svakt tanna. Stengeblada er krossvis motsette og minkar i størrelse oppover den opprette, ugreina stengelen. Stengelblada vert mørkare oppover stengelen. Blomane sit i krans med 2-4 blomar i kvar krans i dei øvre stengelbladhjørnene. Krona er blå, sjeldan raud eller kvit med ei overleppe og ei underleppe. Overleppa er veldig kort. Kronrøyret er langt og kvitt. Har 5 spisse grøne begerblad. Fruktene har vedheng og spreiast med maur.

Etymologi: Ajuga kjem nok av gresk agyios, som tyder svak i lemane. Det vil sei at planten har vore brukt mot gikt. Pyramidalis kjem av at vekstforma ser ut som ein pyramide.

Veksestad: Jonsokkoll veks i skogeng og tørre bakkar.

Utbreiing: Heile landet til ovanfor skoggrensa.

Anna: Veksforma liknar på ein pyramide.



Om Naturfakta.com | Kontakt nettsideansvarlig | Et ord om kildebruk