www.naturfakta.com | ||
|
Fam. Korgplantefamilien, kurvplantefamilien --> Slekt Bellis -->
TusenfrydBellis perennisStengelen er bladlaus og håra. Den blømer i mai-september. Kvar blomekorg har gule skiveblomar (blomane i midten) og kvite randblomar (blomane rundt). Dei kvite randblomane er ofte litt raude i tuppane. Frøa er små, avlange og dunhåra, med avflata ender. Blada sit i rosett nede på planten og er spadeforma. Dei er bukta tannete eller heilranda. 5-15 cm høg. Etymologi: Bellis tyder vakker. Det norske namnet tusenfryd kan du finne ut av i historien på denne sida. Veksestad: Tusenfryd finnes i litt fuktig eng. Ofte i plenar. Utbreiing: Langs Agder- og Rogalandskysten. Elles tilfeldig nord til Finnmark. Historie: Det er sagt om at då blomane si dronning, rosa, hadde bursdagsselskap kom dei andre for å gratulere. Alle blomane kom og bøygde seg for rosa. Berre ein liten blom var så beskjeden at han ikkje våga seg fram - den syntes den var så mykje dårlegare kledd enn dei andre. Han viska for seg sjølv eit ynskje om lykke og alt godt. Ein svak vind førte orda til rosa, og ho såg den lille blomen og spurde kva den heitte. Han svarte at han heitte gåseurt, og at kjolen min er ikkje så fin. Då sa rosa at kjolen din er kvit og rein, utan ein flekk, og mellom blada ser eg hjarta ditt, som skin som gull. Frå no av skal du heitte "Tusenfryd", for du er tusen gonger vakrare enn dei andre. Då vart den lille blomen raud av glede, og sidan det har blomen vore raud på tuppane av randblomane. (Teke frå eventyret til John Myhre) Anna: Tusenfryd har vorte symbol på håp og uskyld. Om Naturfakta.com | Kontakt nettsideansvarlig | Et ord om kildebruk |
Almefamilien
Aloëfamilien Bananfamilien Barlindfamilien Bergknappfamilien Bjørkefamilien Bukkebladfamilien Bøkefamilien Erteblomstfamilien Fiolfamilien Furufamilien Gaukesyrefamilien, gjøkesyrefamilien Ginkgofamilien Grasfamilien, gressfamilien Graskarfamilien Hasselfamilien Hyasintfamilien Kaktusfamilien Kardeborrefamilien Klokkefamilien Korgplantefamilien, kurvplantefamilien Korsblomfamilien Leppeblomfamilien Liljefamilien Lyngfamilien Lønnefamilien Maskeblomfamilien Mjølkefamilien Narsissfamilien Nellikfamilien Nøkleblomfamilien Orkidéfamilien Palmer Pilefamilien Ripsfamilien Rosefamilien Rutefamilien Sildrefamilien Skjermplantefamilien Soleiefamilien Svalerotfamilien Sverdliljefamilien Sypressfamilien Syrefamilien, slireknefamilien Søtvierfamilien Aloe vera Blodrips Blåbær Blåklokke Blåknapp Bukkeblad Chilipepper, paprika, jalapeño Duftranke Dvergbjørk Engkarse Fjellfiol Furu Gaukesyre, gjøkesyre Geitrams Gran Gulkrokus Gullris Hassel Hegg Hestehov Hundekjeks Jonsokkoll Klokkelyng Krattfiol Kusymre Kvitkløver, hvitkløver Kvitveis, kvitsymre, hvitveis Marianøkleblom Markjordbær Myrfiol Raudkløver, rødkløver Selje Skogfiol Skogkløver Skogstjerne Snøklokke Soleihov, bekkeblom Stemorsblom, stemorsblomst Svartor Svensk asal Søtkirsebær, morell Tempeltre, ginkgo Tusenfryd Vanleg bjørk Vanleg perleblom, vanlig perleblomst Vårkrokus Vårkål Åkersvineblom | |