Fam. Klokkefamilien --> Slekt
Campanula -->
Blåklokke
Campanula rotundifolia
Kilde: Wikipedia (
GNU Free Documentation License.)
«Blåklokke». Wikipedia, det frie oppslagsverket. 14. jan 2009, 20:18 UTC. 21. jan 2009, 16:29 http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Bl%C3%A5klokke&oldid=849515.
Blåklokke ( Campanula rotundifolia ) er ein fleirårig opptil 10-15 cm høg plante i klokkefamilien.
Blåklokka har små nyre- eller hjarteforma grunnblad, som vert danna det første leveåret til planten, og lange, smale stengelblad. Stengelen er snau eller lett håra nedst. I fjellet har blåklokka ein stor blå blomsterklokke, vel 2 cm lang, i låglandet kan ho ha fleire, men mindre, blomstrar. I sjeldne tilfelle kan blomsterklokka vere kvit.
Blåklokke veks i open skog, på tørre bakkar, på slåtteeng og beitemark.
I Noreg er blåklokka vanleg over heile landet, underarten grøoenlandica veks opp til 2060 moh i Lom. På Svalbard er ho funnen ved Colesbukta. Utbreiinga er elles sirkumboreal og sirkumpolar.
Namnet rotundifolia tyder 'rune blad' , og viser til grunnblada. Planten er blant dei vanlegste blomsterplantane i Noreg, og samstundes fell han lett i augo. Difor har han ein sterk kulturell posisjon. Mest kejnd er songen Blåklokkevikua av Alf Prøysen.
Kilder:
Om Naturfakta.com |
Kontakt nettsideansvarlig |
Et ord om kildebruk