www.naturfakta.com | ||
|
Fam. Soleiefamilien --> Slekt Anemone -->
Kvitveis, kvitsymre, hvitveisAnemone nemorosa10-25 cm. Fleirårig urt med krypande, vassrett, brun jordstengel som det kvar vår frå spissen veks opp ein overjordisk opprett stengel. Jordstengelen danar sideskot som igjen danar sideskot og kvart nytt skot gjev ein ny overjordisk stengel. På denne måten vil kvitsymra vekse tett. Omtrent midt på denne opprette, ugreina overjordiske stengelen kjem det ein krans av 3 kortstilka blad. Kvart blad er trekopla og 3-6 cm lange. Bladstilken er raudleg. Det kjem og eit einsleg langstilka blad frå jordstengelen. Ein blom i toppen av stengelen med kvite frikrona blomeblad (manglar begerblad) som har 6-8 (12) kronblad. Pollenbærarane er talrike og gule. Mange grøne fruktemner. Fruktene er små, håra, grøne som modne, nesten kuleforma med nebb. Dei sit i tett samling der blomen var. Etymologi: Anemone tyder vind. Nemorosa tyder som veks i lunder. Veksestad: Kvitsymra likar seg i lauv- og barskogar, i kratt på muldjord. Utbreiing: Vanleg i låglandet nord til Hol i Nordland, spreidd vidare nord til Tromsøysund. Livet: Kvitsymra forbereier bløminga allereie tidleg på hausten. Utviklinga hender under snøen om vintaren. Den utnytter sola som kjem ned i skogbotnen før trea får blad. Etter fruktene er modne visner den raskt bort, unnateke jordstengelen som lagar nye knoppar. Anna: Kvitsymra er giftig, safta kan gjeve sår og blemmer. Om Naturfakta.com | Kontakt nettsideansvarlig | Et ord om kildebruk |
Almefamilien
Aloëfamilien Bananfamilien Barlindfamilien Bergknappfamilien Bjørkefamilien Bukkebladfamilien Bøkefamilien Erteblomstfamilien Fiolfamilien Furufamilien Gaukesyrefamilien, gjøkesyrefamilien Ginkgofamilien Grasfamilien, gressfamilien Graskarfamilien Hasselfamilien Hyasintfamilien Kaktusfamilien Kardeborrefamilien Klokkefamilien Korgplantefamilien, kurvplantefamilien Korsblomfamilien Leppeblomfamilien Liljefamilien Lyngfamilien Lønnefamilien Maskeblomfamilien Mjølkefamilien Narsissfamilien Nellikfamilien Nøkleblomfamilien Orkidéfamilien Palmer Pilefamilien Ripsfamilien Rosefamilien Rutefamilien Sildrefamilien Skjermplantefamilien Soleiefamilien Svalerotfamilien Sverdliljefamilien Sypressfamilien Syrefamilien, slireknefamilien Søtvierfamilien Aloe vera Blodrips Blåbær Blåklokke Blåknapp Bukkeblad Chilipepper, paprika, jalapeño Duftranke Dvergbjørk Engkarse Fjellfiol Furu Gaukesyre, gjøkesyre Geitrams Gran Gulkrokus Gullris Hassel Hegg Hestehov Hundekjeks Jonsokkoll Klokkelyng Krattfiol Kusymre Kvitkløver, hvitkløver Kvitveis, kvitsymre, hvitveis Marianøkleblom Markjordbær Myrfiol Raudkløver, rødkløver Selje Skogfiol Skogkløver Skogstjerne Snøklokke Soleihov, bekkeblom Stemorsblom, stemorsblomst Svartor Svensk asal Søtkirsebær, morell Tempeltre, ginkgo Tusenfryd Vanleg bjørk Vanleg perleblom, vanlig perleblomst Vårkrokus Vårkål Åkersvineblom | |