Blom: Blomen er botanisk definert som eit skot som aldri vil vekse lenger og som har med formeiringa av planten å gjere. Ein fullstendig blom består av oftast grøne begerblad, ofte farga kronblad, pollenbærarar og fruktemne. Begerblad og kronblad danar tilsaman blomedekke. Blomedekke kan vere enkelt (dvs. utan begerblad) eller dobbelt (dvs. med begerblad). I blomar der kronblad og begerblad er like, kallast dei blomedekkblad eller blomeblad. Kronblada danar blomen si krone. I utposar av kronblada (sporar) eller ved grunna av dei kan det danast nektar (honning).