www.naturfakta.com | ||
PlantenDelane:Nesten alle planter er grøne. Grønfargen kjem av klorofyllet som plantene treng for å utnytte sollyset. Planter som ikkje har grønfarge, snyltar eller samarbeider med andre planter/sopp. Døme på dei er vaniljerot (Monotropa hypopitys) og fuglerede (Neottia nidus-avis). Desse plantene vert kalla saprofytter. For at desse plantene skal leve må dei ta næring frå andre ting. Dei bryt ned næring frå tre eller samarbeider med sopp. Frøplanter:Frøplanter får blomar og frø. Frøa er inne i ein frukt. Frøplantene er oftast oppbygd av delane rot, stengel og blad. Dei får og blomar som eigentleg er omdana blad. Dersom stengelen er fleirårig vert den kalla stamme. Blada kan site i rosett ved planten sin basis (der rota og stengelen er samanbundne), eller site spreid oppover stengelen. Blomane kan vere stilka eller sitjande, i bladhjørna eller i toppen. Formeiring:Plantene er delt i tre avdelingar; moser, karsporeplanter (bregner) og frøplanter. Frøplantene danar frø etter befruktning. Frøa er ofte litt store og har lagra litt startsnæring. Dei er dana etter befruktning som vil sei at det oftast er to blomar som har laga frøa: Pollen (hannlegeme) kjem over på arret (holegeme) til ein annan blom/plante. Då vil planten som kjem opp frå frøet vere blanding av dei to plantene. Mosane og karsporeplanter brukar sporer til å formeire seg med. Sporer er som støv. Dei har ingen næring lagra i seg slik som frøa, men må lande akkurat på ein perfekt stad der forholda er til rette for planten å vekse. Sporeplantene treng heller ikkje befruktning for å lage sporer slik som frøplanter treng. Då vil plantene som veks opp frå sporene vere nesten heilt lik den som laga sporene. Vegetativ formeiring:Plantene kan og formeira seg vegetativt. Det vil sei at ein del av planten vil kome seg fram og dana ein ny plante. Det er oftast frøplantene som gjer det. Det kan skje ved at ein jordstengel veks (kryp) under jorda og sender opp nye planter. Då vil plantene henge isaman under jorda og kan og reknast som ein plante. Plantene kan og ha utløparar. Dei sender ut stenglar som danar nye planter. Dei stenglane vil ofte dø etter at den nye planten er i gang å vekse. Utløparane kan vere både overjordiske og underjordiske. Jordbær er eit godt eksempel på plante med overjordisk utløpar. Planter kan og ha yngleknoppar. Det er noko som liknar på frø, men er dana utan befruktning. Dei dett ned frå planten og veks opp til nye planter, akkurat som frø. Dei er ofte dana i bladhjørnene. Om Naturfakta.com | Kontakt nettsideansvarlig | Et ord om kildebruk |
Almefamilien
Aloëfamilien Bananfamilien Barlindfamilien Bergknappfamilien Bjørkefamilien Bukkebladfamilien Bøkefamilien Erteblomstfamilien Fiolfamilien Furufamilien Gaukesyrefamilien, gjøkesyrefamilien Ginkgofamilien Grasfamilien, gressfamilien Graskarfamilien Hasselfamilien Hyasintfamilien Kaktusfamilien Kardeborrefamilien Klokkefamilien Korgplantefamilien, kurvplantefamilien Korsblomfamilien Leppeblomfamilien Liljefamilien Lyngfamilien Lønnefamilien Maskeblomfamilien Mjølkefamilien Narsissfamilien Nellikfamilien Nøkleblomfamilien Orkidéfamilien Palmer Pilefamilien Ripsfamilien Rosefamilien Rutefamilien Sildrefamilien Skjermplantefamilien Soleiefamilien Svalerotfamilien Sverdliljefamilien Sypressfamilien Syrefamilien, slireknefamilien Søtvierfamilien Aloe vera Blodrips Blåbær Blåklokke Blåknapp Bukkeblad Chilipepper, paprika, jalapeño Duftranke Dvergbjørk Engkarse Fjellfiol Furu Gaukesyre, gjøkesyre Geitrams Gran Gulkrokus Gullris Hassel Hegg Hestehov Hundekjeks Jonsokkoll Klokkelyng Krattfiol Kusymre Kvitkløver, hvitkløver Kvitveis, kvitsymre, hvitveis Marianøkleblom Markjordbær Myrfiol Raudkløver, rødkløver Selje Skogfiol Skogkløver Skogstjerne Snøklokke Soleihov, bekkeblom Stemorsblom, stemorsblomst Svartor Svensk asal Søtkirsebær, morell Tempeltre, ginkgo Tusenfryd Vanleg bjørk Vanleg perleblom, vanlig perleblomst Vårkrokus Vårkål Åkersvineblom | |